Hopp til hovedinnhold

Markering av Verdsdagen for psykisk helse

Bilete av utstillarar som hadde stand på Verdsdagen

Onsdag 30.september markerte Årstad vidaregåande skule Verdsdagen for psykisk helse i samarbeid med Kronstad DPS.

Årets teme Tillit er beredskap. Hver handling teller.

Det var ei fin markering med heile 13 utstillarar og foredrag frå psykologspesialist Bjarne Hansen og psykolog Johan Myklebust Ådland. Dei snakka om, og gav tips, til korleis ein kan vere "ein god kompis eller venn når ein venn har det vanskeleg".

Utstillarane rosa elevane for å stille gode og relevante spørsmål, og dei gav uttrykk for at elevane verka godt førebudde. Det var tydleg for dei at elevane hadde snakka om tema i klassane før markering.