Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

IMG_2347_3.JPEG

Biblioteket er ein møtestad, ein arbeidsplass, ein stad å finne informasjon og ein stad å låne bøker. Du finn oss i B-bygget, ved vrimlearealet. Biblioteket er ope kvar dag klokka 08.30-15.00

Kva kan du gjere på biblioteket


På biblioteket er det leseplassar og bord til gruppearbeid.
Vi har fagbøker og oppslagsverk du kan bruke som kjelder, og du kan be bibliotekaren om hjelp.
Det er lov å vere på biblioteket utan å gjere skolearbeid! Du kan sitte og prate, spele spel, surfe på nettet eller berre finne fred og ro.

Låne bøker

Du kan låne alt frå fagbøker til fantasy og manga.

Sjå kva vi har i katalogen

Hugs å levere inn bøker du har lånt, elles må du betale erstatning.

E-bøker

Lån e-bøker gratis i BookBites

E-bøker er digitale bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Biblioteka i Vestland har ei felles samling med e-bøker, som biblioteka i vidaregående skole er med på.
Du kan enkelt låne e-bøker. Alt du treng er ein app som heter BookBites, lånekort og pinkode. Då får du tilgang til fleire tusen e-bøker. Det er gratis å låne bøker i BookBites-appen!


Lånekontrakt og lærebøker

Når du startar på skulen må du underteikne ein digital lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Når du har underteikna kontrakten får du lånekort og kan låne lærebøker.


Skjema for digital lånekontrakt

Lærebøkene får du utlevert på biblioteket. Vanleg lånetid for lærebøker er ut skoleåret. Ekstra lærebok kan du låne for kortare tid.
Lærebøkene skal du levere ved skoleslutt etter den planen biblioteket sett opp. Dersom du ikkje gjer dette må du erstatte dei.

Bibliotekarene

Det er lov å be dei tilsette på biblioteket om hjelp. Spør oss om:

  • Hjelp til oppgåver og gruppearbeid
  • Å finne gode kjelder i bøker og på nett
  • Sitat og kjeldelister
  • Lesetips
  • Bøker du vil vi skal kjøpe

Her på biblioteket jobbar David som litteraturformidlar og bibliotekar og Torhild som bibliotekar.

 

David Kvamme Høvik

Bibliotekar
Portrettbilde av personen som er beskrevet på visittkortet.

Torhild Jordal

Bibliotekar
Portrettfota av person omtalt på kortet