Kunst, design og arkitektur

Bysykler med bilder sprayet av våre elever

Er du kreativ og vil lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du kan dermed ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Vg1

På Vg1 har du to programfag. Desse er Design og arkitektur 1 og Kunst og visuelle virkemidler 1.
Gjennom opplæringa utviklar du praktisk kompetanse og får styrkt dei kreative og estetiske evnene dine. Du lærer å utvikle idear og du får diskutere andre designarar og kunstnarar sine uttrykk. I faga vil du lære designmetodar som kan brukast på mange område.
I faga har vi høve til å samarbeide med eksterne aktører. Elever på KDA har til dømes fått i oppdrag å dekorere bysyklar i Bergen og bosspanna på Bryggen.

Fellesfaga på Vg1 er engelsk, framandspråk, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk.

Læreplan

Vg2

På Vg2 har du to programfag; Design og arkitektur 2 og Kunst og visuelle visuelle virkemidler 2. I tillegg skal du velge eit valfritt programfag. Vi tilbyr:

• Design og berekraft
• Foto og grafikk 1
• Fysikk I
• Matematikk R1

Tilbodet vil vere avhengig av interesse.
Fellesfag på vg2 er norsk, matematikk, geografi, framandspråk, samfunnskunnskap, historie og kroppsøving
Vil du studere til arkitekt på NTNU? Vi tilbyr naudsynt fordjuping i realfag.
(R1/R2 og Fysikk 1)

Læreplan

Vg 3

På Vg3 har du to felles programfag: Design og arkitektur 3 og Kunst og visuelle         virkemidler 3.
I tillegg vel du to programfag:

• Design og berekraft
• Foto og grafikk 1 eller 2
• Matematikk R2
• Fag som blir tilbudt på studiespesialiserande utdanningsprogram

Kva fag du kan velje er avhengig av skulen sitt tilbod.
Fellesfaga på Vg3 er historie, kroppsøving, norsk, religion og etikk.
Dersom du vurderer å bli arkitekt og studere ved NTNU, tilbyr vi i løpet av Vg2 og Vg3, naudsynt fordjuping i realfag (Matematikk R1, R2 og Fysikk 1).

Læreplan