Elektro og datateknologi

Elektro (1).jpg

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr


Vg1 er felles for alle som tar elektro og datateknologi. På Vg2 kan du velje mellom to ulike programområde:
• Elenergi og ekom
• Datateknologi og elektronikk
 
Begge disse programområda fører til mange ulike fagbrev. Du finn meir informasjon på www.vilbli.no

Dersom du vel Datateknologi og elektronikk andre året , kan du søke deg inn på Vg3 Dataelektronikarfaget.

 

  • installasjon og vedlikehald av elektriske og
  • elektroniskesystemmontering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg
  • reparasjon av elektrisk utstyr
  • om utvikling av nye elektroniske produkt
  • konfigurering og programmering av utstyr og komponentar
  • sikkerheit og dokumentasjon
  • nøyaktig og systematisk
  • praktisk anlagt og ha godt handlag
  • serviceinnstilt og ha ein logisk tenkemåte
  • kreativ og ha godt fargesyn
  • elektrikar eller elektroreparatør
  • dataelektronikar
  • energioperatør eller energimontør
  • tavle-, signal eller heismontør
  • avionikar eller flymekanikar
  • romteknolog, data- eller produksjonselektronikar
  • automatikar eller FU-operatør
  • kulde- og varmepumpemontør

 

Sjå alle yrker og kompetanser på www.vilbli.no

 

Vg1 Elektro og datateknologi
 
VG1.jpg

Vg1 Elektro og datateknologi
Som elektrofagelev får du tilgang på nye og velutstyrte verkstader og klasserom. Du vil lære å arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du får nytta både logiske og kreative sider ved deg sjølv.
Vi legger vekt på at du lærer å ta ansvar for eigne handlingar og at du kan samarbeide med andre.

Læreplan Elektro og datateknologi vg1

ANDRE ÅRET

Vg2 Elenergi og ekom

VG2.jpg Skulen har eit langt og solid samarbeid med svært mange elektrobedrifter. På Vg2 Elenergi blir du utplassert i ei bedrift i fleire veker om gongen, og for mange leiar utplasseringa til tilbod om læreplass.  

Vg2 Elenergi kvalifiserer også for å gå vidare til mellom anna elektrikarfaget, energimontørfaget og energioperatørfaget, elektroreparatørfaget, heismontørfaget, telemontørfaget, togelektrikarfaget og VG3 maritim elektrikar.

Det er stor etterspurnad etter fagfolk i elektrobransjen.

Læreplan VG2 Elenergi og ekom

 

 

 

 

Vg2 Datateknologi og elektronikk


VG2data.jpg

Vg2 Elenergi og ekom


Skulen har eit langt og solid samarbeid med svært mange elektrobedrifter. På Vg2 Elenergi blir du utplassert i ein bedrift i fleire veker om gongen, og for mange leier utplasseringa til tilbod om læreplass.
Vg2 Elenergi kvalifiserer også for å gå vidare til mellom anna elektrikarfaget, energimontørfaget og energioperatørfaget, elektroreparatørfaget, heismontørfaget, telemontørfaget, togelektrikarfaget og VG3 maritim elektrikar.
Det er stor etterspurnad etter fagfolk i elektrobransjen.
Læreplan Vg2 Elenergi og ekom

Vg2 Datateknologi og elektronikk


Datateknologi og elektronikk Vg2 fører vidare til dataelektronikarfaget, optronikerfaget, produksjonselektronikerfaget og romteknologifaget.
Årstad vidaregåande skole har i tillegg utdanningstilbod innan dataelektronikarfaget på Vg3.Læreplan Vg2 Datateknologi og elektronikk

 

TREDJE ÅRET

Vg3 Dataelektronikarfaget

VG3.jpgDataelektronikarfaget Vg3 gir deg moglegheit for fordjuping innan til dømes datasystem og nettverk,  kontroll, vedlikehald og reparasjon av apparat og utstyr.

Ein dataelektronikar kan få arbeid i mange ulike små og store bedrifter i dei fleste delar av nærings- og arbeidslivet. 

Læreplan Vg3 Dataelektronikarfaget