Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Elev med fagbok på biblioteket

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

I påbygg-klassane møter du elevar frå fleire ulike utdanningsprogram og skular. Dei fleste kjem frå to år på yrkesfag, medan andre har vore lærling eller hatt ei pause frå skulen.

Dette mangfaldet av ulike ressursar og evner gjer klassane til ein spennande og kreativt stad å vere. Her er det mykje læring, mykje teori, mykje lekser og mykje god stemning.

Allmennfagleg påbygging er ein eittårig påbygging som gir generell studiekompetanse. Etter dette året er du kvalifisert for vidare studiar på høgskule eller universitet. Tidligare har du hatt mest yrkesfaglege fag, no må du «fylle på» med dei allmennfaga du ikkje hadde på yrkesfag.

Faga på Vg3 påbygg er krevjande, så om du søkjer påbyggingsåret må du vere motivert for mykje teori og ha gode norskkunnskapar. For å få generell studiekompetanse, og moglegheit til å søke høgskular eller universitet, er det ein føresetnad at faga frå Vg1, Vg2 og påbygg er bestått. Har du gode karakterar frå fellesfaga på Vg1 og Vg2, har du eit bra grunnlag for å gjennomføre dette året.

Før du begynner på Vg3 påbyggingsåret må du ha fullført eitt av desse tre alternativa:

  • Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • Vg1 studieforberedande og Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev

Fag- og timefordeling

Fellesfag:

  • Historie 140 timar
  • Kroppsøving 56 timar
  • Matematikk 2PY 140 timar
  • Naturfag 84 timar
  • Norsk 281 timar

Programfag 140 timer (for tida tilbyr vi):

  • biologi
  • internasjonal engelsk
  • sosiologi  og sosialantropologi
  • psykologi