Helse- og oppvekstfag

13 elever i arbeidsuniform vinker til kamera

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Praktisk læring

Du vil arbeide prosjektorientert og tverrfagleg gjennom heile året. All teori vert satt inn i ein praktisk samanheng, og på denne måten får du god oversikt over faga.

Helse- og oppvekstfag er eit spanande og lærerikt programområde for alle som ønskjer å lære meir om menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

Vel du helse- og oppvekstfag får du mange karrieremoglegheiter og kan jobbe med menneske i forskjellige aldersgrupper og livssituasjonar.

Du kan bli:

  • helsefagarbeidar eller ambulansearbeidar
  • barne- og ungdomsarbeidar
  • apotekteknikar, helsesekretær eller tannhelsesekretær
  • hudpleiar, fotterapeut eller ortopediteknikar

Du som vel helse- og omsorgsfag bør vere omsorgsfull, flink til å kommunisere og god til å samhandle med menneske med forskjellig bakgrunn og livssituasjon.

På vilbli.no får du meir informasjon om kva programfag du kan velje etter Vg1.

Les meir på vilbli.no

 

Vg1 Helse- og oppvekstfag

I Helse- og oppvekstfag lærer du å møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte. Du utvikler evne til å samarbeide med andre yrkesgrupper, fremje trivsel, fysisk og psykisk helse og ivareta brukarmedverknad og pasientrettar.

Med fullført Vg1 kan du gå vidare her hos oss på:

  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Helsearbeidarfag
  • Hudpleie

Alternativt kan du søke andre skular og halde fram med utdanning innan:

  • Ambulansefag
  • Fotterapi og ortopediteknikk
  • Helseservicefag
  • IKT-servicefag (kryssløp)

Arbeidsmoglegheitene er mange og varierte om du vel ei utdanning innanfor Helse og oppvekstfag.

Læreplan Vg1 Helse- og oppvekstfag

Vg2 Helse- og oppvekstfag

Vi tilbyr tre ulike fordjupningar på vg2

Her vil du lære å legge til rette for aktivitet, glede og livsutfalding for barn og unge. Barne- og ungdomsarbeidarar skal vere tydelege rollemodellar som ser det enkelte individet, og er medviten på dei utfordringar barn og unge har i eit fleirkulturelt samfunn.

Du får utvikle evna til kommunikasjon i møte med barn, unge og foreldre, tilpassa kulturtilhøyrsle, funksjonsnivå og livssituasjon. Opplæringa er tverrfagleg og praksisnær og bli avslutta med ein tverrfagleg praktisk eksamen.

Etter Vg2 kan du søke læreplass. Læretida går over to år på ulike arbeidsstadar slik at du som lærling får brei erfaring i å jobbe med barn og unge i alderen 0-18 år.

Jobbmoglegheitene for ein fagperson er i hovudsak: barnehage, SFO, støttefunksjonar i grunnskule og vidaregåande skule, barne- og ungdomsklubbar og ulike organisasjonar for barn og unge.

Læreplan barne- og ungdomsarbeiderfag

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke der eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdommar, arbeidsmiljø og kulturforskjellar er viktig, og der det blir stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid.

Helsefagarbeidaren arbeider med praktisk pleie-, omsorg- og miljøarbeid i ulike institusjonar som sjukeheim, dagsenter, bufellesskap, heimebaserte tenester m.m. Helsefagarbeidaren skal kunne observere og bruke kunnskap om ulike sjukdommar, skader og lidingar, til å sette i verk førebyggjande eller behandlande tiltak.

Opplæringa er tverrfagleg og praksisnær og blir avslutta med ein tverrfagleg praktisk eksamen. Etter Vg2 kan du søke læreplass. Læretida går over to år.

Læreplan Vg2 Helsefagarbeidar

Hudpleiefaget skal fremje velvære og god helse. Som elev vil du få utvikle kritisk og etisk tenking omkring eit samfunn med ulike venleiksideal. Du vil utvikle kunnskap om og respekt for andre, og evna til å møte menneske i ulike livssituasjonar. Undervisninga er heilskapleg og praksisnær.

Opplæringa i hudpleie skal bidra til å utvikle praktiske ferdigheiter i hud- og kroppspleie og kunnskap om apparat, produkt og ulike behandlingsmetodar. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikle evna til god kommunikasjon, kunderettleiing og service, og å utvikle kompetanse for sal, marknadsføring og drift av hudpleierelaterte bedrifter.

Opplæringa skal fremje estetisk sans, kreativitet, sosiale ferdigheiter og yrkesetisk forståing. Gjennom opplæringa får du utvikle evna til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.

Opplæringa gir grunnlag for vidare utdanning som hudpleiar på Vg3.

Læreplan Vg2 Hudpleie

 

Vg 3 Helse- og oppvekstfag

På vg3 lærer du fleire behandlingar. Vi driv ein moderne hudpleiesalong som tek imot kundar. Vi lærer å yte service, kommunisere og samhandle slik at den totale opplevinga blir god for kunden. 

Ønskjer du å vere kunde hos oss? Ring 55 59 51 64 eller  456 35 966. Legg igjen melding om du ikkje når oss. Du kan og sende SMS.

​Programområde for hudpleiar legg grunnlaget for yrkesutøving innan pleie og behandling av hud og kropp. Som elev vil du få utvikle kritisk og etisk tenking omkring eit samfunn med ulike ideal for utsjånad. Hudpleiarfaget skal bidra til velvære og helse.

Gjennom opplæringa får du utvikle praktiske ferdigheiter og fagleg innsikt i pleie og behandling av hud, hår og negler. Vidare får du utvikle ferdigheiter i bruk av ulike apparat, produkt og behandlingsmetodar innan hudpleie.

Opplæringa skal medverke til at hudpleiaren utviklar evne til å yte service og kommunisere og samhandle med ulike brukarar og samarbeidspartnarar. Den vil gi deg kompetanse innanfor sal, marknadsføring og drift av hudpleierelaterte bedrifter. Opplæringa vil også fremje din estetiske sans og kreativitet.

Undervisninga er praksisnær og heilskapleg. Fullført og bestått opplæring fører fram til yrkeskompetanse. Yrkestittel er hudpleiar.

Læreplan Vg3 Hudpleiar (gjeld frå 01.08.22)