Hopp til hovedinnhold

Ta ordet! 2026

Bilete av årets vinnar, Jennie.

TA ORDET!  2026


I dag var auditoriet fylt med spente elevar som lytta til årets TA ORDET!-talar. Ni talarar engasjerte, overtydde og gav innsikt i spennande og relevante tema som: gutar og psykisk helse, dyrevelferd, lærevanskar, innvandrarjenter og kultur, fast fashion og berekraft, og kor viktig det er å ta vare på venene sine sjølv om ein får seg kjærast.

Juryen skjøna fort at dette kom til å bli ei tøff oppgåve, for det er ikkje lett å vurdere så mange flotte talar. Alle leverte godt, og alle kan vere stolte av jobben dei gjorde! Men ein vinnar måtte kårast, og éin talar peikte seg ut for ein einstemmig jury.

Jennie Berntine Sørreime i 1KDA heldt ein tale som fanga merksemda til publikum frå første stund. Temaet, som ofte er underkommunisert, var: gutar og psykisk helse. Talen vekte kjensler og peikte på dobbeltkommunikasjonen i dagens samfunn: Vi vil at gutar skal våge å vere opne om psykisk helse, men vi beundrar ofte dei som berre bit tennene saman.

Talen følgde dei formelle krava og hadde ei energi som gjorde at Jennie framstod som sjølvsikker i temaet. Talen var personleg utan å bli privat, og ho rørte ved oss. Bodskapen var tydeleg og inneheldt logos, patos og etos.

Vi gratulerer årets vinnar, Jennie, og takkar alle deltakarane i årets TA ORDET! for flotte bidrag!

Med venleg helsing,
Årets jurymedlemmer: Dennis Alterskjær, Cecilie Øvstedal og Vivian Aalborg Worley