Hopp til hovedinnhold

Velkomen til studiekafé!

 Studiekafé

Vil du ha hjelp med lekser, øve til ei prøve eller arbeide med anna skulearbeid? På studiekafeen kan du få hjelp av lærarar og arbeide saman med andre elevar.

Kvar og når?

Møt opp i kantina i A-bygget på tysdagar kl. 15.30–17.30. Første gong er tysdag 10. november. Tilbodet er planlagt å vare til og med veke 8.

Kva kan du få hjelp med?

Du kan få hjelp til studieteknikk og læringsstrategiar. Dei første gongene vil det vere faglærarar i matematikk, engelsk og norsk til stades på studiekafeen. Treng du hjelp i andre fag, skriv du det i påmeldinga. Vi prøver å finne lærarar som kan hjelpe deg.

Ta med PC, bøker og oppgåvene du vil arbeide med.

Mat og fellesskap

Det blir mat og tid til å vere saman med andre. Du er velkomen enten du kjem aleine eller saman med medelevar!

Påmelding klikk her

Frist for påmelding er fredag innan kl.12.00.