Torsdag 22. oktober møtte elevar frå innføringstilbodet, VG1 handverk, design og produktutvikling og VG1 elektro til «Snakk og bytt» i kantina.
Til saman var me rundt 100 deltakarar og me fekk moglegheita til å bli kjende med nye menneske på tvers av klassar og linjer.
Som del av førebuinga til “Snakk og bytt” gjennomførte skulen sine tre innføringsklassar ein eigen språkkafè i kantina. Her fekk elevane moglegheit til å bruke språk de har lært i undervisninga, samt øve på spørsmål og tema dei ville møte på “Snakk og bytt”.
Målet med «Snakk og bytt» er å skape ein trygg og sosial arena der elevane kan bli kjende med kvarandre, øve på språk og samtale og bli tryggare på å ta kontakt med nokon dei ikkje kjenner frå før. Samstundes var ønsket å leggje til rette for nye møte og kontaktar på tvers av klassar og utdanningsprogram.
Slik fungerte «Snakk og bytt»:
Elevane sat på to rekker, med ein medelev dei kjende frå før ved sida av seg og ein ny elev rett ovanfor seg. I løpet av to til tre minutt skulle dei snakke saman og bli litt betre kjende. Deretter bytte dei samtalepartnar og fekk møte ein ny elev.
For å gjere det lettare å kome i gang med samtalane hadde me ulike tema, som fritid, dilemma, «anten eller» og Årstad. Temaa varierte frå samtale til samtale, og elevane stod òg fritt til å snakke om andre tema dersom det fall seg naturleg.
Det viktigaste var ikkje kva dei snakka om, men at dei tok kontakt, delte tankar og erfaringar og fekk høve til å bli litt betre kjende med kvarandre. Slik blei «Snakk og bytt» ein fin arena for å øve på språk, byggje relasjonar og skape eit sterkare fellesskap på tvers av klassar og linjer.

