Skulebiblioteket vårt er nominert til årets bibliotek i Noreg! Litteraturformidler David og bibliotekar Torhild er kjempeglade for nominasjonen.
Her er eit utdrag frå grunngjevinga:
- Biblioteket er ein god og trygg stad å vere for elevane, med flotte lokalar og dyktige tilsette.
- Biblioteket er ein viktig pådrivar for grunnleggande leseferdigheiter, som er eit satsingsområde på skulen.
- Dei tilsette formidlar litteratur på ein engasjerande måte som treff den mangfaldige elevgruppa.
- Litteraturformidlaren gir elevane moglegheit til å diskutere litteratur i ulike fora, mellom anna gjennom ein leseaksjon, litteraturpris og podkasten «Årstad leser».
- Biblioteket har òg ein bokklubb, som er svært populær blant elevane.
Dei nominerte er:
- Samnanger folkebibliotek
- Sør-Varanger bibliotek, Kirkenes
- Skolebiblioteket ved Årstad vidaregåande skule, Bergen
- Fagbiblioteket på Sykehuset i Vestfold, Tønsberg
- Lillestrømbibliotekene
Les meir om prisen her: https://norskbibliotekforening.no/sterke-kandidater-til-arets-bibliotek-2023/