Hopp til hovedinnhold

Årstad representert på slottet

Fosseføredraget og Fosseprisen vart for andre gong delt ut på Slottet på torsdag. I salen sat litteraturformidlaren vår David. Han og 64 andre ildsjelar frå inn- og utland hadde fått invitasjon til arrangementet.

Det var (ikkje overraskande) David sin fyrste gong på slottet. Då det var både foto- og videoforbud på slottet, har han ikkje bilete av seg sjølv på slottet. De får heller bruke fantasien og sjå for dykk ein skulebibliotekar i dress i eit utruleg overdådig lokale. 
 
Då føredraget var på engelsk, og David fyrst og fremst er nordist, ynskjer han av omsyn til føredragshaldaren Marilynne Robinson å avstå frå å skrive ei oppsummering. Til det var engelsken for komplisert og rommet for varmt.
 
Elles noterte David seg at fingermaten dei fekk servert var akkurat passe eksperimentell, musikken fall i smak og Jon Fosse er framleis Noregs kulaste mann.