Om ei veke deler Vg3-elevane ved Årstad vidaregåande skule ut Gullkroken litteraturpris. Elevane har lese fem bøker og har kome fram til ein vinnar. Prisen blir delt ut 5. februar klokka 13:30 på Litteraturhuset i Bergen.
Om Gullkroken
Gullkroken er ikkje ein heilt vanleg litteraturpris.
Prisen blir delt ut årleg av avgangselevane ved Årstad vidaregåande skule. Dei les, vurderer, slaktar, rosar, diskuterer og let seg rive med av fem heilt nye bøker.
Nokre av elevane elskar å lese, mens andre har til gode å bli overbevist av bøker. Juryen består ikkje av bransjefolk, men av ungdommar med vidt forskjellige interessar. Ein Gullkroken-vinnar kan difor skryte på seg å treffe breitt.
Gullkroken er eit samarbeid mellom Litteraturhuset i Bergen, LitFestBergen og Årstad vidaregåande skule. Prisen har blitt delt ut årleg sidan 2021. Utdelinga skjer under LitFestBergen i februar. Vinnaren får eit unikt kunstverk som er laga av éin av kunstelevane på skulen.
Gullkroken-bøkene
Er du ein superkjent spansktalande forfattar? Gratulerer og beklager!
Du kan vinne Nobelprisen i litteratur, men sannsynlegvis ikkje Gullkroken.
Berre bøker som er skrivne på norsk kvalifiserer til nominasjon. I tillegg må boka vere utgiven i løpet av året før prisutdelinga. Bøker som er utgivne i løpet av 2025 kan difor vinne prisen som blir delt ut i februar 2026.
