Hopp til hovedinnhold

Litteraturpris ved Årstad VGS

Gullkrokens logo

"Gullkroken" er ein litteraturpris som er skapt av elevar i dei fire vg3-klassane våre - påbygg, studiespesialisering, og kunst, design og arkitektur. Elevane går saman om å lese, diskutere, omtale og kåre ein vinnar av skulen sin eigen litteraturpris. Dei nominerte er seks nyutgjevingar frå eit utval norske forfattarar, og vinnaren får eit kunstverk laga ved skulen. Elevar og lærarar arbeiderer spante fram mot prisutdelinga i februar, som finn stad på Bergen Internasjonale Litteraturfestival.

Kvifor litteraturpris på VGS?

På Årstad VGS har vi dei siste åra jobba særleg aktivt med den grunnleggande dugleiken lesing. Dette har ført til fleire ulike prosjekt. Blant desse kan vi særleg nemne leseaksjonen, der alle elevane har avsett tid til lesing kvar dag i ein månad, og påbygg på vg3 si deltaking på «ungdommens litteraturpris» i skuleåret 2020/2021. I år tek vi steget vidare ved skulen, og prosjektgruppa som består av engasjerte norsklærarar på VG3, assisterande rektor Kari Danielsen og eksterne samarbeidspartnarar, har hatt ein særleg spanande seinhaust og vinter der dei har førebudd prosjektet.

Det er likevel ikkje desse vi skal takke for utforminga av sjølve prisen – Desse står  for planlegging og den pedagogiske biten. Prisen har elevane utforma sjølve. Alt frå namnet "Gullkroken", logoar, eit kunstverk til vinnaren, bokomtalar, lesesirklar, osv. er det elevane som har skapt.

- Gullkroken er ein litteraturpris som er skapt av elevar i dei fire vg3-klassane våre. Elevar frå påbygg, studiespesialisering, og kunst, design og arkitektur går saman om å lese, diskutere, omtale og kåre ein vinnar av skulen sin eigen litteraturpris.

Bøkene

Det er ikkje akkurat «lettlestlitteratur» elevane har jobba med, men seks rykande ferske norske titlar av ulike dagsaktuelle forfattarar. Dei nominerte er:

Marianne Clementine Haaheim, Plikt (Roman)

  • «ei gripande forteljing om kva det vil seie å drive ein liten gard i vår tid, om nærleiken til dyr og natur, og om det å høyre til i ein tradisjon. Nesten umerkeleg viser det seg også å vere forteljinga om ei einsemd som er så stor at ho kanskje ikkje kan berast».

Frode Grytten, Gut, jente, juni, juli (Noveller)

  • «I desse tolv sommarnovellene kastar gutar og jenter, menn og kvinner, seg i vatnet for å kjøle seg ned, bare for å oppdage at hovudet framleis kokar av lyst og frykt».

Nils Øyvind Haagensen, Sangria i parken (Noveller)

  • «om dynamikken innad i guttegjengen, om den ofte legitimerende stillheten menn imellom når det kommer til måten de ser på, snakker om og behandler kvinner på, og hva som skjer når stillheten brytes».

Lara Rashid, Hold meg til jeg sovner (Dokumentar)

  • om å vere familie på flukt, og ei historie frå 22.juli i same bok. «en gripende kurdisk familiehistorie, en fortelling om å finne seg selv i sorgen og en bit norgeshistorie vi aldri må glemme».

Nora Dåsnes, Ubesvart anrop (Grafisk roman)

  • «en grafisk roman om å være ungdom i tiden etter 22. juli. En fortelling om å lete etter mening i møte med det meningsløse, om utenforskap, sorg og angst. Om hvor vanskelig det kan være å nå ut til hverandre, og hvor viktig det er når vi får det til».

Ninni Nyhus, Jeg fant en måne i navlen (Dikt)

  • «om hvordan kroppen kan romme både utrolige og syke ting, hvor sentral erfaringen av egen kropp er, og at møtet med en gynekolog kan være utilfredsstillende. Jeg-personen oppdager en liten mann i hårbørsten, og dagen etter finner hun enda en i tampongeska. Snart er mennene overalt i leiligheten?»

 

unnamed1.jpg

 

Utover bidragsytarar lokalt på skulen, omfattar prosjektgruppa Sissel Kristensen frå Forfattersentrum Vestland, Heidi Bøhagen frå Litteraturhuset i Bergen og Hjørdis Losnedahl frå Bergen Internasjonale Litteraturfestival. Desse har bistått i arbeidet med utvalet av litteratur, innspel og rådgjeving i planleggingsprosessen, samt å legge opp til sjølve prisutdelinga som skal vere på Ungdommens Litteraturfestival i Februar. I tillegg har vi henta inn Grethe Fatima Syéd som har kursa alle elevane i litteraturkritikk.

Prisutdelinga nærmar seg, og neste punkt på programmet for elevane er å utnemne klassevinnarar, samt to elevar frå kvar klasse til jurymedlemmar. Thor Soltvedt er forfattar og tidlegare lærar ved skulen, og er henta inn som leiar for juryen som skal avgjere vinnaren. No gjenstår det berre å sjå kvafor av titlane som har engasjert elevane mest, og lærarane som jobbar med klassane melder om ganske tett løp i teten.