Tilrettelagt opplæring

121733629_10159191809669887_1575979275703336004_n.jpg

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Kvifor velje eit tilrettelagt opplæringstilbod hjå oss?

Ved Årstad vidaregåande skule er dei særskilt tilrettelagte utdanningstilboda praktiske og arbeidsretta. Vi legg vekt på å utvikle yrkesfagleg kompetanse og sosial handlingskompetanse med utgangspunkt i den enkelte elev sine forutsetningar. Skulen har nye og velutrusta lokaler og eit godt psykososialt læringsmiljø.

Avdelingane på tilrettelagt

Kvardagslivstrening

19366606_1649349205099684_1194092013929431679_n.jpg
Kvardagslivstrening er for elevar som treng stor grad av tilrettelegging og oppfølging.
Årstad videregående skule tilbyr nye funksjonelle lokale og erfarne team av lærarar og miljøarbeidarar. Elevar på kvardagslivstrening får oppfølging i ei lita gruppe som består av fire til seks elevar.
Målet er at elevane skal oppnå kunnskapar og ferdigheiter som kan føre til ei tilsetting på eit dagsenter, anna kommunalt tilbod eller varig tilrettelagt arbeid.
Gjennom praktiske arbeidsoppgåver får eleven moglegheit til å utvikle samspel- og kommunikasjonsferdigheitene sine, sjølvstende i forhold til arbeid og aktivitetar i dagleglivet (ADL-ferdigheiter).
Eleven utviklar også evna til å stå i eit arbeid, og å opparbeide og vedlikehalde dei motoriske ferdigheitene sine.
Nokre stikkord om kvardagsliv:
• Ny-oppussa lokale, lyse og store klasserom
• Bruk av alternative og supplerande kommunikasjon
• Arbeidsoppgåver i og for skulemiljøet
• Tilrettelagt for rullestolbrukarar
• Vi vektlegg eleven si utvikling av sosial kompetanse
• Opplæring føregår individuelt, i klassen, i større gruppe og i fellesareal på skulen
• Aktiv bruk av hjelpemidler, mellom anna nettbrett, smartboard, pc og rolltalk

Arbeidslivstrening – HTA

Helseklassen lager mat til kantinen
Arbeidstrening (HTA) er opplæring i lita gruppe med 4-6 elevar. Arbeidstrening er eit utdanningsløp som legg vekt på praktisk arbeid og utvikling av sosial kompetanse. Utdanninga passar for elevar som ikkje vil ha utbytte av eit ordinært opplæringstilbod. Etter fullført opplæring får elevane eit kompetansebevis som viser kva mål dei har gjennomført. Kvar elev får ein individuell opplæringsplan (IOP).
Målet for opplæringa er å kvalifisere elevane til varig tilrettelagt arbeid i vekstbedrift eller tilrettelagt arbeid i ordinær bedrift.
Arbeidstrening ved Årstad vidaregåande skule er eit utdanningsløp som fører fram til grunnkompetanse. Elevane får opplæring innan eit av skulen sine utdanningsprogram. Dette vil kunne føre til tilrettelagt arbeid, men ikkje nødvendigvis arbeid som er knytt opp til valt utdanningsprogram.

Vi tilbyr
Arbeidstrening innan utdanningsprogramma Helse- og oppvekstfag (HO) og Handverk, design og produktutvikling (HDP). Tilbodet tek utgangspunkt i fag og kompetansemål frå utdanningsprogramma - både programfag og fellesfag, men blir tilpassa den enkelte elev sine behov og forutsetningar.
I tillegg blir kommunikasjon og samhandling knytt til å utvikle elevane sin sosiale kompetanse. Dette inneberer blant anna samarbeid, ha tolmod, vere sjølvstendig og å ta ansvar. Planlegging og evaluering er også viktige delar av opplæringa.
Elevane får også moglegheit til å prøve ut praktisk arbeid i dei andre gruppene.
Skulen samarbeider med ulike vekstbedrifter og ordinære bedrifter med moglegheit for tilrettelegging, slik at utplassering kan bli ein del av opplæringa. Dette skjer vanlegvis i løpet av tredje året av opplæringa.
Innanfor kvart programområde har vi to tilbod kor mykje av det praktiske arbeidet er knytt til ei lita elevbedrift.

Programområda på Arbeidslivstrening

 

Helse- og oppvekstfag (HO)

 

Vaskeri


Vaskeriet er ei lita bedrift der vi betjener både interne og eksterne kundar. Elevane øver på kundebehandling ved å gå bud, det vil sei å gå til kundane og hente og levere vasketøy. I vaskeriet skal elevane betjene både vaskemaskin og tørketrommel. Dei lærer å stryke og rulle klesvasken, samt brette og klargjere for levering.

 

Matproduksjon

Som elev vil du ta del i produksjonen til kantina på skulen. Vi produserer bakverk og brødmat med variert pålegg, salatar, varme og kalde rettar og legger vekt på aktuelle trendar innan matlaging. I tillegg blir det servert mat til møter og mindre kurs på skulen. Elevane skal få trening i å kunne stå i eit produktivt arbeid.

 

Helsefremmande arbeid vert undervist i begge gruppene og tek utgangspunkt i Vg1 HO. Vi har fokus på fysisk aktivitet og enkel matlaging i tillegg til hygiene og førstehjelp. Vi ønsker at elevane skal lære seg å ta gode val når dei ein dag skal stå på eigne bein. I undervisninga har vi lystbetonte aktivitetar som turer og utflukter, som skal bidrar til meistring og god helse.
Kommunikasjon og samhandling er knytt til det praktiske arbeidet.
Planlegging og evaluering er også viktige delar av opplæringa.


 

Handverk, design og produktutvikling (HDP)

Medieproduksjon 

I produksjon blir det arbeida praktisk med blant anna trykk, kopiering og innbinding. I tillegg består arbeidet av:

•  Førtrykk/tekstbehandling: Produsere enkle tekstar, bruke skannar og program som Adobe InDesign og Word
• Kopiering/ferdigstilling: Skrive ut frå PC i rett format og på rett papir, bruke kopimaskin til skanning og sorterings-/grupperingsarbeid for evt. ilegg i konvolutt etc.
• Trykk på tekstil (T-skjorter og bager)
• Kommunikasjon/bodteneste: Ta imot kundar, vere bod, arkivere post og utføre arkiveringsarbeid.

Elevane utfører arbeid både for interne og eksterne kundar.
Kvalitet og dokumentasjon er knytt til det praktiske arbeidet.

 

Handverk og design

Det praktiske arbeidet i produksjon skjer blant anna i ein verkstad for trearbeid. Elevane jobbar med saging, hamring, pussing, montering og maling.
I tillegg får elevane moglegheit til å prøve ulike handverksteknikker.
Elevane utfører arbeid både for interne og eksterne kundar.
I Kvalitet og dokumentasjon er opplæringa knytt til det praktiske arbeidet.

 

Skal du søkje på dette tilbodet må du gjere det før 1. februar.  Her kan du lese meir om korleis du søkjer.

 

 

121963211_10159191810594887_3374410206043061543_n.jpg

Sosiale mål for opplæringen


I alle gruppene på Arbeidstrening legger vi vekt på sosial læring kor det er viktig å:
• Møte presis og kvar dag
• Gi beskjed ved fråvær
• Vere sjølvstendig
• Vise andre respekt
• Vere aktiv i fellesskapet
• Vere interessert i å lære nye ting
• Lytte og vere open for andre
• Lære sosiale normer