Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elev i auditorium, med handa oppe

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

VG2 Studiespesialiserende

Du kan velje

  • Språk, samfunnsfag og økonomi med fokus på innovasjon, design og berekraft

Språk, samfunnsfag og økonomi med fokus på innvoasjon, design og bærekraft

Årstad tilbyr ein pakkke programfag som gir fordjupning innanfor språk, samfunnsfag og økonomi på studiespesialiserande på vg2. I pakken inngår progamfaga:

  • Entreprenørskap og og bedriftsutvikling 1
  • Marknadsføring og leiing 1
  • Design og berekraft (lånt frå programområdet Kunst, design og arkitektur)

I desse faga får du presentert ulike praktiske problemstillingar som skal løysast for å forbetre kvardagen for ulike målgrupper. For å klare dette må du lære deg å tenke innovativt, ha fokus på bærekraft og utvikle design som skal fungere i ein marknad.

Bedriftsetablering og -utvikling vil inngå i opplæringa. Det er eit tett samarbeid mellom faga og du må bruke kunnskap frå alle tre faga for å løyse problemstillingane. 

Skulen har eit utstrakt samarbeid med lokalt næringsliv, høgskular og organisasjonar. Dette gjer vi for at utdanninga skal vere så verkelegheitsnær og framtidsretta som mogeleg.

VG3 Studiespesialiserende

På vg3 fordjupar du deg i to av programfaga du hadde på vg2. Vi legg stor vekt på at du skal bli godt førebudd på vidare studier. Vi trener på fokusert lesing og å skrive for ulike føremål. Her kan du lese meir om kva fag vi tilbyr på vg3. 

På VG3 får du fellesfaga norsk, historie, religion og kroppsøving. I tillegg vel du tre programfag.
For å få nødvendig fordjuping innanfor programområdet språk samfunnsfag og økonomi, må du velje faga:

  • Entrepenørskap og bedriftsutvikling 2
  • Marknadsføring og leiing 2

I tillegg skal du velje eitt valfritt programfag. Du kan velje mellom:

  • Biologi 1
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Engelsk 1
  • Psykologi 1

Tilbodet vil vere avhengig av interesse.

Dei som ikkje har hatt framandspråk i grunnskulen må ha framandspråk på vg3 og kan ikkje velje eit av faga over.