Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Blomar.jpg

Er du kreativ, estetisk anlagt og interessert i å arbeide med hendene? Då kan Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vere noko for deg. Du går 2 år på skule og kan deretter gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

VG1 Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Første året får du prøve deg innanfor alle dei ulike fagområda innanfor frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. Du lærer deg og korleis du arbeider med ein kreativ prosess. Du må lære deg korleis form, farge og stil påverkar resultatet av arbeidet ditt.

Kvifor velge frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign?

• Du får utforske ulike materialar, reiskapar, teknikkar og digitale verkty på spanande måtar, og har mykje praktisk opplæring.
• Undervisninga er prosjektbasert, og du kan velge å fordjupe deg anten i frisør, blomar, interiør eller eksponeringsdesign.

  • Frisør er for deg som liker å jobbe med hår, sminke, maske, moter og trender. Du trener på tradisjonelle og moderne teknikkar i faget.
  • Blomsterdekoratørfaget er for deg som ønsker å jobbe med blomster og botaniske materialer.Du lærer om blomsterdesign, og du jobber med tradisjonelle og moderne teknikkar og uttrykksformer.
  • Interiør og eksponeringsdesign er for deg som liker å jobbe med interiør, utstilling, trender, profilering og markedsføring.
    Du lærer ideutvikling, tekning, digitale programvarer og prolifereringsteknikker.

Vg2 frisør

I frisørfaget jobbar du med praktiske øvingar i grunnleggjande teknikkar som farging, klipp, føning, oppsetting av hår, fletting, og strukturendringar.

Kommunikasjon, samarbeid og kundeservice er sentrale begrep i frisørfaget. Det er viktig å finne ut kva kunden ønsker og la dei vere med å ta valg i behandlinga.
Ein frisør må vere nøyaktig ,serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.
Du må også ha god sans for stil,form og farge.

Dette er vanlige arbeidsoppgaver for ein frisør:
• veilede kundane om hårfasong og produkter
• vaske, klippe, farge, permanentbehandle og føne hår
• utvikle nye aktuelle frisyrer for kvardag og fest
• pleie hår og hodebunn
• klippe skjegg
• farging av vipper og bryn
• marknadsføre og veilede kunde i aktuelle produkter.


I løpet av skuleåret vil du vere utplassert i frisørsalong i fem veker.
Etter Vg2 frisør kan du gå ut i lære i to år og ta fagbrev eller ta påbyggingsfag som gjev generell studiekompetanse 

Læreplan for frisør

 

Vg2 Blomedekoratør

På blomerverkstaden lærer du å lage oppsatsar, bukettar og andre arbeid til ulike høve.
For å bli ein god handverkar må du vere kreativ og ha sans for estetikk. Du må ha god kjennskap til korleis levande plantemateriale veks og skal stellast. Du må og ha kunnskap om andre materialar og gjenstandar ein brukar i bukettar og dekorasjonar.

Det er viktig å vere fagleg oppdatert på trender, moter og design i faget. Du må løyse arbeidsoppgavar på kort tid, og det er viktig å vere løysingsorientert og effektiv i alle delea av arbeidet.
Som blomsterdekoratør er du til vanleg og butikkmedarbeidar, og har tett kontakt med kunder og kollegar. Kundekontakt og marknaddsføring av fag og fagkunnskap er særleg viktig i det daglege arbeidet.

En blomedekoratør må vere kreativ og ha sans for form og farge. Du må vere serviceinnstilt, god på kundehandsaming, løysingsorientert og ha interesse for handverk, planter og natur. Frisørar møter mennesker i alle stadier av livet og du må vere imøtekommande og empatisk. Du må også vere interessert i moter og trender.

Læreplan

 

Vg2 Interiør og eksponeringsdesign

Du får delta i mange, spanande prosjekt i løpet av dette skuleåret. Undervisninga er prosjektretta, og vi arbeider i periodar med oppløyst timeplan. I løpet av året vil du lære om alle vesentlege rom i ein bolig som kjøkken, bad, stove og soverom. For å halde oss orientert om bransjen reiser vi til messer nasjonalt.

Vg3 Interiør 

På Vg3 interiør arbeider du med programfaga interiør og presentasjon. Dette er eit djupdykk i faget som du har fått grunnopplæring i på Vg2. Du vil vere utplassert i bedrift to veker av skoleåret.

Bestått opplæring i interiørfaget fører deg fram til yrkeskompetanse og yrkesnemninga interiørkonsulent. Som interiørkonsulent kan du arbeide med møbeldesign, interiør og design av rom i offentlige og private bygninger.

Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse etter vg3.

Læreplan (gjeld frå 01.08.22)